Informasjon om kommunevalet v/Gunnar Morsund

Informasjon om kommunevalet v/Gunnar Morsund

Godt val!
Ved kommunevalet i Giske i år har du sju lister å velje mellom. Du kan velje ei av listene eller stemme blankt. Du kan setje eit kryss framfor dei personane på lista du vil gje ei ekstra stemme. Du kan også føre opp personar frå ei anna liste om du vil. Dermed har du direkte innverknad på kven som kjem inn i kommunestyret. Du kan ikkje stryke nokon. Alle listene unntatt Tverrpolitisk har kumulert ein eller fleire på lista. Det betyr at partiet har bestemt kven som skal vere sikra å kome inn. Senterpartiet har kumulert fire, og har i dag ein i kommunestyret. Kven av desse fire som kjem inn kan du påvirke ved å sette eit kryss ved ein eller to av dei. Prøv og ta Valgomaten på nrk.no!