Støbakk for ny ordførarperiode.

Støbakk for ny ordførarperiode.

 

Øyblikk skriv i utgåva si på april sin første dag om ordførar Støbakk som vil hjelpe Giske kommune på fote att.  Det vert vist til at Giske kommune har størst gjeld av alle kommunene i landet, med heile 165% av inntektene.

 ”Det vert feil å hoppe av ei skute som er på ferd mot ope hav utan kontroll. Eg føler at nokon må ta ansvar for å ta unna oppvaska”, seier Støbakk, ”Difor stiller eg som ordførarkandidat for ein ny periode”

 

Underteikna trur nok ikkje på at dette er Knut Støbakk sine eigne ord, men artikkelforfattar Rolf Hansen i Øyblikk set i allefall lys på eit alvor om ein oppvask som nokon må ta.  Biletet om skuta mot ope hav utan kontroll spøker treffande med fiskeskipper Støbakk.  Han har stått ved roret siste tolv åra, men skal sjølvsagt ikkje ha all skuld for at skuta er ute av kurs.  Den må delast med kommunestyrefleirtalet i kvar einskild prioriteringssak.   Eg har sjølv vore mannskap alle desse åra, dei siste fire som nestkommanderande .

23 folkevalde personar utgjer Giske kommunestyre, vi er Støbakk sitt mannskap.  Avgjerande prioriteringar vert gjorde ved fleirtalsvedtak.  Store investeringar har ført kommunen til gjeldstoppen med dei følgjer dette får for drifta av skular, barnehagar og omsorgstilbod.  Rente og avdrag på desse låna viser att i budsjett for 2015 med vel 63 mill. kroner.  Rekneskapsmessig meirforbruk i 2014 var vel 11 millionar kroner.

Underteikna har vore del av eit vekslande mindretal mellom” mannskapet” som har prioritert annleis i saker som gjeld både drift og investeringar.  Her kan nemnast saker som Omsorgsplan 2010-15, bygging av Giske Omsorgssenter, Skomakarvegen bufelleskap og nye Valderøy barneskule.  Løkevegen bufellesskap og Alnes besøkssenter står for tur i 2015.  På Alnes ligg 6 mill. i potten for bygging og 1,3 mill. i parkeringsplass.  Frå før har kommunen ytt vel ein million i forprosjekt og  kr. 550.000,- i grunnkjøp.

Rådmannen kan vel i same biletleggjering seiast å vere roret på skuta.  Roret er vårt verkty som endrar kurs etter nemde fleirtalsvedtak. Konsekvensar av mannskapet sine prioriteringar, eller mangel på slike, har rådmannen åtvara mot i innstillingar til sakene.  Alle årsmeldingane frå 2010 fortel om eit altfor høgt driftsnivå i høve til kommunen sine frie midlar.

At skuta er komen ut av kurs” mot ope hav” skuldast ikkje feil ved roret.  Mannskapet har nok vorte freista ut av kurs av flotte forprosjekt og gode tiltak som det har vore vanskeleg å seie nei til.  Konsekvensane ser vi no gjennom nedskjeringar i tenester innan barnehagar, skular og eldreomsorg.

Skuta vår søkjer nytt mannskap frå september månad i år.  Kven som vert skipper er for tidleg å seie no, men det er fleire kandidatar.  Heile mannskapet skal avgjere kursen videre.  Farvatnet har vorte trongare å manøvrere i og krev godt sjømannskap.  Demografi og inntektssystem set Giske mellom dei kommunene i landet med lågast inntekt.  Ei Kostra-analyse for 2012 seier at Giske kommune har eit lavare handlingsrom enn ei gjennomsnittleg norsk kommune, og har derfor ikkje råd til å levere tenester på nivå med landsgjennomsnittet.  Då må mannskapet på skuta gjere stamme prioriteringar for å manøvrere inn i smulere farvatn.  Fylkesmannen tilbyr alternativ styring gjennom ROBEK.

Underteikna har søkt seg om bord for ein ny tur og vonar at  det nye mannskapet evnar å halde skuta flytande til beste for alle innbyggjarane i Giske kommune og for dei tenestene vi etter lova skal yte for desse.

 

Olav Sindre Roald

Varaordførar